Category Archives: Tur

Utstyrstest

Om ei vekes tid skal eg på langtur. Laksefjordvidda er det primære målet, om veir og føre er på mi side. Men uansett kvarhen eg endar opp so blir det fine naturopplevingar og masse kjekk offroading med den gamle Hondaen min. Og hvis eg er ekstra heldig får eg kanskje aure eller røye på kroken! Men når ein er på langtur so er det viktig at utstyr ein har med seg fungerar slik ein har tenkt. Det verste som kan skje er at noko essensielt enten blir ødelagt eller ikkje fungerar medan ein er midt inne i ingenmannsland.

Klok av skade er eg difor noko forsiktig med å pakke med meg utstyr som eg ikkje har testa i forkant. Spesielt utstyr relatert til matlaging og campingliv er eg skeptisk til. Hvis du er på tur og har med deg utstyr som framleis ligg i originalemballasjen sin, so spelar du eit høgt spel!

Difor er eg på ein liten prøvetur denne helga. Utstyrsprøvetur. Det er fire ting som er under utprøving denne gongen: søvepøse, laptop, ryggsekk, og motorsykkeljakke.

Søvepøse

Soveposen er ein fluffy sak frå ein norsk produsent som heiter Isbjørn. Modellen heiter Barents, og har ein veiledande komforttemperatur på -10 grader celsius.

TEST: Villmarksliv har testet 10 soveposer for kaldt vær.
TEST: Isbjørn Barents

Dei fleste oppegåande friluftsmennesker vil nok seie at dette er noko “over the top” til bruk i sommerhalvåret. Eg er tilbøyeleg til å være einig i det, spesielt hvis ein er opptatt av å spare vekt og volum. Dinna søvepøsen veg 2.5kg, og den tek god plass i sekken. Omlag 15 liter må til for å få plass til den i komprimert tilstand. På ein motorsykkel er dette heilt overkommelig, men om ein skal gå langt så er nok dette i overkant.

Men guri for ein komfortabel søvepøse! Eg ligg og kosar meg i den akkurat no medan eg skriv dette, og eg tvilar ikkje på at den er tilstrekkelig i temperaturar som er langt lavare enn dei beskjedne 4 gradene i lufta ved Aursjøen nett no. Kontrasten til den andre søvepøsen min, ein lettvekts sommerpose, er stor. Akkurat kor gøtt eg søv i denne veit eg ikkje før i morgon, men so langt set eg stor pris på dei romslige dimensjonane og den solide konstruksjonen. Prisen er heller ingenting å bli skremt av. 1295,- betalte eg, inkludert frakt.  Slå den! Og servicen hos dei ansatte hos Isbjørn er framifrå.

Laptop

Laptopen eg har med meg er ein sokalla Acer Aspire V3 112P. Bak dette kryptiske namnet kan eg avsløre at det skjuler seg ein lettvekts bærbar datamaskin med 11.6″ touchskjerm, Intel N2940 Quad Core på 1.83GHz, 8GB RAM og 256GB SSD frå Plextor. Batteritida er heilt rå, og dette er også ein av dei viktigste faktorane for min del. Opptil 10 timar har den klart å holde seg gåande i Power Saver-modus. Og om eg skulle trenge det, so har den nok kraftreservar til å kunne gjere middels avansert videoredigering utan å miste pusten. Men hovedbruksområdet vil nok være bildebehandling og skriving — som er det eg nyttar den til nett no.

maxresdefault

Laptopen veg omlag 1.2kg med SSD-disk, og tek lite plass i sekken. Og ved å bruke tethering på mobiltelefonen får eg delt internettlinja der dette er tilgjengelig. Sidan eg har 20GB tilgjengelig på mobiltelefonabonnementet mitt blir eg veldig “mobil” med dette oppsettet, og i dei områda der 4G er tilgjengelig er faktisk hastigheten veldig bra.

Eg kjøpte denne laptopen for 2400,- på tebød, men du får sikkert noko enda betre for ein tilsvarande pris no.

Ryggsekk

Ein ryggsekk er kjekt å ha når ein er på motorsykkeltur, og denne gongen testar eg ut ein litt ekstra stor sekk på 50 liter. Sekken er ein billig sak eg kjøpte på Sparkjøp — billig fordi at eg veit at den kjem til å bli nedsausa med regn, søle og støv gjentatte gonger, og fordi den treng ikkje være spesielt lett. So langt har den vore forbausande god i bruk. Eg trudde den ville bli litt stor og upraktisk, men langt derifrå. Har du fysst med deg sekk på MC-tur so har tydeligvis storleiken mindre betydning. Det solide midjebeltet og den stive konstruksjonen gjer det faktisk ganske behagelig å ha den på også.

8800184172574_L_614104_59780_jpg

Konstruksjonen forøvrig virkar bra, og den veg berre 1.8kg, so for 499,- er det eit heilt greit kjøp.

Motorsykkeljakke

Eg er ein storforbrukar av motorsykkeljakker, og nyttar difor høvet når eg må kjøpe ny til å teste ut nye og spennande modellar frå produsentar du aldri har høyrt om. Eg er ein regelrett MC-jakke-hipster. Denne gongen er det ei High-Viz-jakke frå My Bike Solutions som heiter MJ-21 som blir prøvd ut, og førsteinntrykket er faktisk ganske bra. Eg kjøpte den for £59 frå England, og til den prisen (+ MVA) er den heilt fjong til mitt lille bruk. Turen nedover Sunndalen i dag var prega av styrtregn, men jakka takla det bra og holdt meg tørr heile vegen ned til Statoil på Sunndalsøra. Korleis den taklar varmt veir gjenstår å sjå, men det er ikkje mangel på lufteåpningar iallfall.

15cafc49-59ee-4dc9-8aa2-01ff2113e75e

 

Den største fordelen med ei slik jakke er at ein blir veldig synleg i trafikken. Etter at eg byrja å nytte hiviz-utstyr virkar det for at fleire bilistar ser meg tidligare, og det blir færre artige situasjonar med vikepliktsbrudd o.l.

Men  det var vel eigentleg det. No skal eg krølle meg saman i Isbjørn-pøsen min og drøyme om Laksefjordvidda. So far, so good.

DSC_0171 (1)

God natt frå Aursjøen!

 

Jotunheimen Rundt, Encore

Eit lite appendix til forrige post, men denne gongen med bilete frå minnebrikka på fotoapparatet heller enn frå mobiltelefonen, samt litt kontekstualiserande tekst til bileta.

Sognefjellet og Skålavatnet

Turen starta for min del i Trondheim, og med unntak av ein liten hold-up på Dovrefjell, var det rake vegen til Jotunheimen. Dette blei mi fysste passering av Sognefjellet på denne turen.

DSC02906

DSC02908

 

Sidan det ante meg at eg hadde litt god tid til møtet med Steffen på Turtagrø, drista eg meg til å gjere litt rekognosering først. Eg fann dette trivelige skiltet, og bestemte meg for å utforske.

DSC02912

 

Score! Denne vegen synte seg å lede rett fram til Skålavatnet, eit regulert vatn/magasin med gode forhold for fricamping (Steffen kallar det villcamping, men eg tykkjer det høyrest litt usivilisert ut).

DSC02928

 

Ein liten sideveg førte opp til ei servicesjakt av noko slag. Her var det temmelig høge brøytekantar, og fabelaktig dårleg veistandard som berre eit kraftselskap (og motorsyklistar) kan elske.

DSC02932

DSC02934

 

Det var tilsynelatande mykje rype i området. Eg såg også ein hauk som jakta på lemen, antakeleg med stort hell med tanke på mengden av desse småkrypa ein kunne sjå langsmed vegen.

DSC02935

DSC02939

 

Eg knipsa eit lite oversiktsbilete før eg snudde tilbake mot Turtagrø.

DSC02941

 

På Turtagrø var det litt meir triveleg temperatur, so vi tok 10 minutt i sola med kaffi og Pepsi før vi dura opp på fjellet igjen.

DSC02943

 

Vel framme ved Skålavatnet igjen oppdaga vi at den beste plassen for camping var innesperra av snø. Den mest praktiske vegen for syklane våre blei difor vannvegen. På impuls heiv vi oss ut i isvatnet, og det gjekk faktisk overraskande fint. Her er Steffen i fint driv over Pilestredet (“pile” fordi det pilte eit lemen over snøen, og “stredet” fordi sjekk ordboka).

DSC02945

 

Campen var av den enkle sorten — ein lett presenning på 2.8mx3.5m blei spent opp mellom eit varselskilt og ein veirstasjon (unnskyld Luster Energiverk).

DSC02958

 

Matmessig kom eg totalt uforberedt, men heldigvis hadde Steffen sørga for proviant. Eingongsgrillen blei fyrt opp og vi gomla i oss pølse og potetsalat til middag. Til dessert blei det ei skjeve med Nugatti og  kaffi. Utover ettermiddagen fekk vi selskap av lemen, løvsnapper, og ei humle.

DSC02946

 

Og litt seinare på kvelden dukka det opp eit (kanskje i overkant) snakkesalig rypekjærestepar.

DSC02948

DSC02950

Vi freista også fiskelukka, men det var ikkje lett å få fisken til å bite i dette vatnet. Men fisk er der, for vi såg nokre få vak medan vi var der.

Og det er omlag det siste eg hugsar før eg sovna i den kjempevarme sommersoveposen min. Det blei faktisk ikkje kaldare enn 3.2 grader den natta, men det rakk å fryse litt tynn is på vatnet grunna dei store isflaka som duppa rundt i overflata.

Natta gjekk fort, og morgonen etter blei det fort lyst då sola kom opp. Etter ein kopp kaffi og nokre skjever pakka vi sammen campen

DSC02956

 Juvvasshytta

Turen gjekk vidare over Sognefjellet mot Bøverdalen og Lom, men først suste vi ein tur opp til Juvvasshytta på 1845 moh.

DSC02960

I mangel på meir fornuftige ting å gjere på her oppe blei det mest leiking i dammar.

DSC02964 DSC02966

Utsikta nedover mot Bøverdalen var upåklageleg, spesielt for oss som er langsynte.

DSC02968

DSC02970

 

Då vi var ferdige med øsebyene oppe ved Juvvatnet (og etter at eg satte meg fast i bommen (dvs. ved sidan av bommen (det er gratis for motorsyklar))) fortsatte vi nedover Bøverdalen. Først blei det ein liten fotoshoot ved Bøvra. Steffen gjorde seg lekker for kameraet og vakte stor interesse blant lokalbefolkninga i dalføret.

 

 

DSC02973

DSC02976

Herfrå gjekk turen innom Bakeriet på Lom, og deretter dundra vi nedover mot Vågå og tok av mot Valdresflye. Før vi kom so langt tok vi nokre fiskestoppar. Først i nærleiken av Lemonsjøen.

DSC02979

Deretter ved Gjendesheim.

DSC02983

Vi fekk dog ingenting. Legg merke til motorsykkeluteliggaren til venstre i biletet (og forsåvidt til høgre i biletet).

På Beitostølen brukte vi LANG tid på å finne ein høveleg plass å campe, men etter å ha kome på kant med lokalbefolkninga bestemte vi oss for å kapitulere og sette kursen mot Filefjell. Vi endte opp på ein prima campingplass på Vang som heiter Bøflaten Camping. Betjeninga var veldig hjelpsom og hyggeleg, og kunne til og med skilte med sidestøtteplater i stål til motorsyklane våre.

Til middag blei det entrecote med maiskolber, tomat, løk og ein pils. I mangel på biffkniv i eingongsbestikket vi hadde tilgjengelig gjekk Steffen drastisk til verks, både når det gjaldt pådekking og smekke.

DSC02988

La du merke til kniven? Ikkje? La meg zoome inn for deg.

kniven

 

Serrriøst Steffen, det der er litt overkill!

Årdal, Tindevegen og heimatt

Frå Vang køyrte vi over Filefjell til Årdalen. Nedkøyringa mot Øvre Årdal er spektakulær, det er uhyggeleg bratt på den andre sida av autovernet. Utsikta er dog heilt fabelaktig.

DSC02990

DSC02992

I sentrum køyrte vi kvar vår veg, Steffen fortsette sørvestover mot Bergen, medan eg rauk opp på fjellet igjen. Først over Tindevegen mot Turtagrø, deretter over Sognefjellet (for tredje gong) mot Trondheim. Her ser ein Turtagrø i det fjerne.

DSC03000

DSC03005

Og her kan ein skimte Store Skagastølstind m.m.

DSC03007

 

Flåklypa Grand Prix

På veg ned mot Lom køyrte eg midt oppi Flåklypa Grand Prix, landets største veteranbilløp. Eg fekk ikkje knipsa so mange bilete, men eg kan forsikre dykk om at det var umåteleg mange veteranbilar, -syklar, -traktorar og -lastebilar der.

DSC03018

DSC03016

DSC03014

DSC03012

Det var alt eg hadde for denne gong. Takk for turen! I morgon blir det biltur til Nordfjord, men med fokus på heimekontor og forhåpentlegvis reparasjon av startclutchen på Yamaha XTZ 660’en til paps.

 

Jotunheimen rundt

Eg og Steffen møttest på Turtagrø igår ettermiddag rundt kl. 17. Derfrå gjekk turen opp på Sognefjellet og vidare innover på ein anleggsveg som leda fram til Skålavatnet, som vi overnatta ved.

Kaldaste temperatur om natta var på 3.2 grader, so sommarposen min blei litt kald på tåtuppane :)

I dag tidlig var vi på beina i 8-tida, og heiv i oss ei skive med NUGATTI. Deretter gjekk turen vidare over Sognefjellet, ned Bøverdalen, og opp til Juvasshytta. Etter litt shenanigans der oppe suste vi ned til Lom og meska oss med lunsj på Bakeriet.

Deretter sette vi kursen mot Valdresflya, men før vi kom so langt blei det ein kort fiskestopp i nærleiken av Lemonsjøen. Ein fin aure kom på land, men so blei det stilt. Neste stoppestad blei Gjendesheim, kor vi også freista fiskelukka utan hell. Ein whiskeydrikkande motorsykkeluteliggar frå Nederland fekk fisken vi tidligare hadde fanga (som han blei merkeleg takknemlig for), og so suste vi vidare over Valdresflya for realz. På Beitostølen handla vi litt supplies og starta jakta etter ein fin plass å slå leir for natta.

Diverre fant vi ikkje noko brukbart (med unntak av den staden der vi blei kjeppjaga av ein bonde), so vi endte opp på ein triveleg campingplass på Vang. Her har vi meska oss med velfortjent entreçote og pils.

I morgon susar vi vidare langs E16 til Årdal korr vi skiljer lag for denne gong. Deretter blir det ein tur over Sognefjellet for tredje (!!) gong denne helga for min del :)

Og ingen turblogg utan bilder, her er eit lite knippe frå dei siste to dagane. Meir kjem seinare. Blant anna eit kult bilete av Steffen som vadar med motorsykkelen, og ei rype som heldt oss med selskap i natt. Følg med, følg med..

image

image

image

image

image

image

image

Bilberging

image

Eit vogntog i grøfta på Dovrefjell. Det såg ut til at lastebilen trakk ein hengar med ein stor og ny traktor bakpå. Lastebilen låg på høgresida av vegen (som ein ser av biletet), medan traktoren og resten av lasta låg i ein haug i myra på venstre side.

Sjåføren såg ut til å være uskadd og i godt humør :) Han hadde sikkert orden på forsikringane, får ein tru.