Category Archives: NordNoreg2k13

Heime igjen!

Det blei brått slutt med blogginga etter hendinga med hjullageret i Luleå. Det som skjedde vidare var at NAF sendte ein bil som plukka meg opp på ein Statoil-stasjon ved Pärsö. Nye hjullager fekk eg henta hos Tools Momentum, og so fekk eg leige litt verkstedsplass og verktyg hos Navis Maskin i Luleå. Tusen takk til dei for ei utruleg venleg mottaking og god hjelp, og spesielt takk til Jandreas som passa på at eg fant riktig verktøy og viste meg korleis ein nytta lagerpressa :)

Deretter gjekk turen vidare, men etter 2 intense timar med stress og mekking var eg svett og sliten, so eg kom ikkje lengre enn til Lycksele før eg kasta inn handkledet og leigde et rom på Ansia Camping for natta. I går starta eg på ny frisk og gjorde unna Lycksele-Trondheim på 0,niks. Einaste stopp var for å fylle bensin og meske meg med ein burgar på Krokom Wärdshus.

Eg har lagt ut mange bilete her som eg tok undervegs med telefonen, men eg tok også mykje bilete med kameraet mitt. Her er mine “top picks”! Klikk for full oppløysing :)

Villmarksvegen
Villmarksvegen
Villmarksvegen
Villmarksvegen
Polarsirkelen
Polarsirkelen
Kobbvatnet
Kobbvatnet
Stetind
Stetind
Stetind
Stetind
Stetind
Stetind
Stetind
Stetind
Stetind
Stetind
Stetind
Stetind
Skjomenfjellet
Skjomenfjellet
Skjomenfjellet
Skjomenfjellet
Skjomenfjellet
Skjomenfjellet
Senja
Senja
Senja
Senja
Senja
Senja
Senja
Senja
Senja
Senja
Senja
Senja
Alta
Alta
Finnmarksvidda
Finnmarksvidda
Nordkapp
Nordkapp
Nordkapp
Nordkapp
Hamningberg
Hamningberg
Mellom Vardø og Vadsø
Mellom Vardø og Vadsø
På veg mot Kirkenes
På veg mot Kirkenes
Noregs eldste fjellformasjon, Grense Jkobselv
Noregs eldste fjellformasjon, Grense Jkobselv
Gravkors ved Oskar II's kapell
Gravkors ved Oskar II’s kapell
Oskar II's kapell
Oskar II’s kapell
Grense Jakobselv
Grense Jakobselv
Pasvikdalen
Pasvikdalen
Pasvikdalen
Pasvikdalen
Pasvikdalen
Pasvikdalen

Resten av ferien skal tilbringast i Nordfjord. Forhåpentlegvis reiser eg nedover søndag eller mandag. Det kjem nok litt bilete frå dette oppholdet etterkvart også :)

Bråstopp!

Der fekk turen ein plutseleg bråstopp. Etter nokre kilometer i 110-sona på E4 begynte bakhjulet å lage illevarslande lydar. Nærare inspeksjon antydar totalhavari av bakhjulslageret. No vonar eg berre at navet ikkje har teke skade — antakeleg køyrde eg alt for lenge med dette. Det som kan skje er at lageret skjer seg og lagerbana byrjar å gå snurre i navet. Hvis dette skjer so er navet permanent skrot og eg må til med nytt bakhjul.

Men inntil vidare er eg optimist. Sjølv om lageret lagar stygge lydar so snurrar hjulet heilt fint. Eg vil vete meir når eg har fått sykkelen til ein verkstad og får tatt av hjulet. Sjølve hjullagerskifte er ei  såre enkel sak med riktig verktøy og riktig lager.

Akkurat no sit eg i skuggen ved ein kafé i Pärsö utanfor Luleå. NAF er på veg, og eg skal ringe opp Gjensidige og høyre kva dei kan hjelpe meg med.

To be continued.

image

Pasvikdalen

Pasvikdalen var noko anna enn det eg hadde forestilt meg. Det er flatt der, veldig flatt. Faktisk so flatt at det er praktisk umogleg å sjå at det er eit dalføre frå bakkeplan. Innsjøane er grunne, små og mange. Insektlivet er i ein heilt eigen klasse — når ein kjem dit blir ein nedsverma av diverse typar mygg — deretter følger auestikkarane som byrjar å jakte på myggstimen rundt deg. Det er spektakulært, eg har aldri sett maken.

Dalen er prega av store avstandar. Det er 10 mil inn i enden, ein rundtur på grusveg på nokre mil inne i botnen, og 10 mil nedatt. Det blei fort 300km i løpet av ei entusiastisk vitjing med motorsykkel. Det er lite trafikk der — eg møtte berre ein handfull bilar.

Fisket tykte eg var skuffande! Alle vatna eg freista va infisert av ørekyte, og eg såg ikkje noko anna fisk enn det. Trasig! Eg er jammen glad denne pesten ikkje har fått overtaket i Sogn og Fjordane.

Området er også prega av nærleik til den russiske grensa. Den aller siste bebyggelsen du kjem til lengst inne i dalen er ein… politistasjon. Wtf.

Eg trur Pasvikdalen, Finnmarksvidda og liknande område som feks Femundsmarka har ein status som er noko ufortjent i desse dager. Tilgjengeligheten er langt betre enn eg hadde trudd — det er flatt, minimalt kupert, og gode stiar. Den einaste utfordringa er avstandane, men desse blir fort etne opp hvis ein er hjelpt av ein ATV eller tråsykkel.

Men det er ingen tvil om at det er fint i Pasvikdalen. Eg fekk tatt nokre heilt fantastiske foto. Den lave kveldssola gav dalen ei skjær av gull :)

image

image

image

Etter Pasvikdalen er det tid for å vende nasa heimover. Ruta er lagt til å gå via Tornio, Luleå, Piteå, Lycksele, Östersund, og Storlien. Til saman drygt 1500km.

Grenselandet ved Jakobselv

Grenselandet er spesielt — tynn befolkning, 19-åringar som køyrer ATV med automatvåpen om aksla, masse skilt med pålegg og forbud, politistasjonar midt ute i audemarka, og mygg.

Visste de at Noregs antatt eldste fjellformasjon befinn seg ved Grense Jakobselv? Over 3 milliardar år gamal gneis! 3000000000! År! Gneis!

Ein annan artig faktoid er at det kapellet der ute blei bygd for norsk sjølvhevding si skuld overfor russarar som ikkje respekterte grensene. Som religionsallergiker må eg seie meg tvilande til om dette nødvendigvis var betre enn ein kanonbåt. Men det var sikkert billigare :)

image

image

image

image

image

Kirkenes!

Kirkenes! Vendepunktet for turen, som no har vart i ei veke og strekt seg over 3300 kilometer. Her skal eg tilbringe etpar dagar med rekonvalesens i form av sightseeing og friluftsliv. Eg har leigd ei litt dyr hytte (500,-/natt), men fasilitetane er bra.

I morgon tidlig har eg lovt meg sjølv å lage egg og bacon til frokost.

image

image
Du veit du er langt heimefrå når...

image

Hamningberg, Europas endestasjon

Hamningberg ligg på nordspissen av Varangerhalvøya, og er eit fråflytta fiskevær. Sjølve Hamningberg i seg sjølv er ikkje so spennande, men vegen ut dit derimot er særs spesiell.

image

Vegen snor seg gjennom eit landskap med geologisk særpreg. Spisse steinar og formasjonar som går frå fjell til ishav, kun avbrutt av den smale vegen.

image

image

image

image

Det er til og med mange som har bygd seg hytter mellom desse sylskarpe formasjonane — kanskje fordi dei gjev god beskyttelse mot vind?

Mellom desse klippene går det også reinsdyr.

image

image

I dei store buktene er landskapet prega av å ha blitt forma av isbrear. Og av ein eller annan grunn har nokon anlagt ein skokirkegård:

image

Hamningberg i seg sjølv var ikkje noko spesiell oppleving. Ein snuplass for meg — for å køyre den særegne vegen attende :)

image

No sit eg i Vardø og ventar på at veiret skal lette. Har fått anbefalt ein thairestaurant og skal muligens avlegge den eit besøk :)