Category Archives: Meta

Ny blogg, integrert med mobil og div. sosiale nettsteder

I fjor oppretta eg ein enkel fotoblogg for å ha ein stad å poste tekst og bilete til når eg var på reisefot. Den bloggen hadde ein del tekniske begrensningar, og difor har eg oppretta ein ny blogg som eg har litt meir teknisk kontroll over. Eg har gjort nokre tilpasningar, både utsjånadsmessig og funksjonelt sett.

Først og fremst har eg nytta Dlvr.it for å integrere bloggen med fleire sosiale nettsamfunn, fortrinnsvis Facebook, Twitter, Linkedin, og Tumblr. Ryktene seier at Dlvr.it vil støtte Google+ snart også. Her er routinga eg har konfigurert:
dlvrit

Vidare finst det ein veldig bra Android-app for å poste til WordPress-instansar. I tillegg til å kunne poste innlegg, kan ein også gjere enkel administrasjon av bloggen med den. Her er eit skjermskot:
image

I tillegg har eg installert nokre plugins:
Plugins

Ut over dette skal eg sjå om eg finn nokre gode plugins for bildevisning (ala Lightbox), og lage ein eigen page som speglar Picasa-galleriet.