
Stetind innhylla i formiddagsskyer. Heldigvis letta dei ganske kjapt når sola kom fram.







Stetind innhylla i formiddagsskyer. Heldigvis letta dei ganske kjapt når sola kom fram.
Dette er den første posten i ein serie med bildepostar frå turen til Nord-Noreg sommaren 2014. Desse bileta er teke i Marmorslottet i Mo i Rana.
Frå Wikipedia:
Marmorslottet i Rana er et område cirka 45 minutter fra Mo i Rana, der løse bergmasser som kalk, gjennom tusenvis av år har er blitt vasket ut i elven. Vannet har opp gjennom årene dannet flere huler, jettegryter og formasjoner i berget.
Vassføringa var veldig stor då eg var der, så eg fekk berre sjå ein liten del av formasjonane som skjular seg under vassmengdene. Men det var imponerande nok. Neste gong skal eg vitje dette området i ei tid på året der vassføringa er liten, enten tidlig vår eller sein haust.
Etter eit opphold på vandrarheimen i Kabelvåg suste eg vidare til Ballstad. For å utnytte det fine veiret i Lofoten gjekk eg opp på to toppar til, Nonstind i Ballstad og Steinetinden i Stamsund.
Denne fjellturen starta rett ved Kræmmervika Rorbuer der eg hadde leigd meg inn for natta. Råsa er middels bratt i byrjinga, deretter kjem ein opp på Ballstadheia der det er flatt og fint med lett stigning eit godt stykke. Eg gjekk langs kanten på høgre side, og hadde fin utsikt mot Skottinden undervegs.
Når ein har gått heia til endes er det eit lite parti til med stigning før ein er på toppen. Nonstinden er heller ikkje spesielt høg, 459 moh. Men når ein byrjar frå havnivå so blir det ein fin trimtur likevel. Her ser ein mot Skottind igjen.
Og i motsatt retning, mot sjøen.
Då eg etter ei kort tid blei lei av fotografering og glaning mot horisonten jogga eg ned igjen mot Kræmmervika. Etter ein kjapp dusj blei det kvalbiff, pils og ein irish coffee til middag. Seinare på kvelden kom eg i prat med eit trivelig tysk reisefølge som også var i Lofoten for å gå i fjellet. Ein av dei var sivilingeniør og arbeidde som prosessledar hos ein stålprodusent. Dei hadde mange norske kundar, spesielt innan oljesektoren. Vi fann mange interessante tema å diskutere innanfor business, fysikk og kjemi. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at emna sklei litt ut etterkvart som kvelden glei over i natt.
Og neste dag var det ein ny tind som stod på agendaen.
Tipset om Steinstinden fekk eg frå Trond-Eirik, ein kollega som er oppvokst i nærområdet. Steinstind kneisar over den vesle tettstaden Stamsund, og byr på ein spektakulær tur hvis ein går heile “runden”.
Turen eg gjekk startar ved skiheisen i Stamsund. Eg fulgte skitrekket til topps, som ledar opp til Sørheia. Derfrå er det berre å følge ryggen utover mot Steinstind. Det går litt opp og ned, så turen kan fort ta lengre tid enn ein først hadde tenkt. Men kva gjer vel det når ein har kremutsikt over Lofoten både sørover og nordover medan ein kavar seg bortetter råsa.
Ved den nest siste toppen før Steinetinden ser ein at det kjem til å bli bratt.
Faktisk so bratt at det har blitt satt inn boltar i fjellet og trekt opp kjetting over dei verste kneikane.
Ikkje sjå ned (; Faktum er vel at det neppe er naudsynt med desse tiltaka med mindre det er glatt og sleipt.
Rett før eg nådde toppen møtte eg ei hyggelig dame frå Sveits. Dei var på Noregsferie for å sende avgarde dottra si på folkehøgskule i Selbustrand. Eg spurte ho litt om forhold for fjellturar og motorsykkelkøyring i sør-Sveits i slutten av september, og ho meinte det burde være ei veldig god tid på året for slike aktivitetar. Men helst ikkje seinare enn slutten av september. Note taken. Vi får sjå kva Hondaen trur om ein gølsen tur til alpane i haust.
Frå toppen vanka det som vanleg topp utsikt.
Eg tok meg tid til å lufte skotøyet og sole meg litt oppe på toppen. Det var nesten vindstille og ikkje ei sjel i nærleiken. Det er faktisk mogleg at eg duppa av litt.
Turen nedatt gjekk over Mannefallet (jepp, en kar ramla visst utfor der ein gong) nedatt til Stamsund. Eg fulgte ei lysløype rundt Stor-Svarholtvatnet attende til Africa Tøyta som stod og venta ved skitrekket der eg hadde starta turen. Deretter køyrte vi sporenstreks til Joker-butikken i Stamsund og fylte opp med farris og ein banan før turen gjekk tilbake til Kræmmervika og ein lekker kveitemiddag.
Seinare på kvelden kom eg i prat med eit triveleg ektepar frå Taiwan. Eg fekk faktisk ein kort leksjon i gammel-kinesisk og ny-forenkla-kinesisk, inkludert nokre anekdoter om korleis symbolikken har utvikla seg. For eksempel skrivst forskjellige typar fisk med to symbol: ein “shape” (form), og ein “sound” (lyd). Dei viste meg også korleis “Andreas” blei skreve fonetisk på kinesisk, og kva dei individuelle symbola kunne bety i andre sammenhengar. For eksempel er symbolet for stabilitet ei kvinne i eit hus. Who knew? :)
Endelig er det blitt skikkelig fineveir! Skyfri himmel og passande temperatur. Yr påstår at det skal forbli slik i nokre dagar, iallfall her i Lofoten. For jo, det ser ut til å bli ein ny tur gjennom Lofoten. Forrige gong var i 2012. Det vil seie at eg kjem til å ende opp i Moskenes og ta ferja over til Bodø. Men ikkje heilt endå.
I dag var eg på Blåtinden, ein topp på omlag 600moh som ruvar over sentrum av Svolvær, Lofotens hovedstad (som dei kallar seg).
Turen opp er litt bratt, men kort. Eg tok den lange ruta over den kvasse ryggen som går frå Tuva. Det er ekstra spennande sidan ein får brukt seg litt. Den vanlige ruta er meir direkte og vesentleg kortare i både tid og distanse.
Eg kom over denne fine og smale skåra på veg oppover. Det går an å klive opp/ned gjennom den hvis ein føler for det.
Frå toppen har ein fin utsikt over Svolvær og omegn.
Etter diverse fotografering tok eg den korte ruta nedatt sidan det var byrja å bli seint.
I morgon går turen vidare til Ballstad. Der skal eg muligens prøve meg på Skott-tind (etter tips frå ein lokal tinderanglar eg møtte oppe i lia).
Generelt så har veir, fysisk form og omstendighetar dei siste dagane samanfalt og gjort denne turen ganske so bra. Kanskje til og med litt betre enn eg hadde von om. Det hadde eg kanskje ikkje trudd for berre nokre få dagar sidan :)
Hvis det mot formodning ikkje blir fjelltur i morgon so blir det kanskje fisking og eit bål i fjæra istaden. Greit å veksle litt på det. Kanskje lage ei lita fiskesuppe også.
Natti!
Veiret her oppe har byrja å bli ei skikkeleg plage. No har eg tøyd strikken langt i håp på å treffe godveir for ein tur oppover mot Stetind. Men det næraste eg kjem er Stedott.
Eg har satt deadline til torsdag kveld. Blir det ikkje turveir innan den tid stikk eg til Lofoten. Der er det visst byrja å bli skapeleg. Eg kan alltids suse innom Stedott på veg nedatt.
In other news so er det mykje fin lyr i Stefjorden.
Faktisk so fin at en av dei tok knekken på stangtuppen min!
Sånt som skjer. Eg snakka med eit hyggeleg fransk uteliggarhippieklatrepar (begge med skjegg (og litt mose)), dei skulle ha sjølvfiska makrell og betasuppe (!) til kvelds.
Resten av kvelden skal eg følge med på Sumarope si sending som blir kringkasta direkte her frå Kjøpsvik. Eg har leigd meg rom på “Kroa di” og har fin utsikt over torget.
No trur eg sendinga byrjar, so vi får snakkast.
Då var det endeleg ferie, og snart legg eg i veg mot det kalde nord. 2 veker har eg sett av denne gongen. Eit viktig mål for turen er å bestige fortoppen til Stetind endå ein gong, men med von om betre veir. Andre stader eg skal vitje er den nordlege delen av Lofoten, Senja, samt Dividalen og omegn. Eg skal ikkje so langt nord, med andre ord, og tida skal nyttast til friluftsliv og fotografering.
Første stopp blir Glomdalen, Mo i Rana. Her skal eg telte til veiret betrar seg nord for Saltfjellet. Eg satsar på godt fiskeveir og ein svipptur innom Marmorslottet for fotografering. Deretter blir det ein tur til Bodø før eg siktar mot Stetind. Kva som skjer etter det gjenstår å sjå. Antakeleg vil turen gå vidare til Skjomfjellet eller Lofoten, og Senja.
Sykkelen, eller Africa Tøyta som eg kallar ho, er også klar for tur. Ho har fått nye sko (dekk), nye ekstralys, olje- og filterskift, nytt kjede og drev, ny bremseskive og klossar bak. I tillegg er det mange små og store issues som er blitt fiksa på. Dei siste vekene har eg omlag mekka meg lei. Dyrt er det og.
Men resultatet er blitt bra. Ho ser framleis flott ut trass alderen på 21.5 år.
Eg oppdaga forresten i dag at kameraet mitt, eit Sony RX100, tek ypperlige IR-foto. Sjølv i overskya ettermiddagsveir er bildebrikka så sensitiv at autofokus fungerar heilt fint. Med sol og eit interessant motiv så trur eg dette blir kjekt. Men inntil vidare — her er ein XRV 750 fotografert med IR-filter (;
Avreise blir veldig snart. Undervegs kjem eg til å oppdatere bloggen med crappy mobilbilete, som i fjor ;)
Odometeret syner no 79713 km. Away, silver!