Jotunheimen rundt

Eg og Steffen møttest på Turtagrø igår ettermiddag rundt kl. 17. Derfrå gjekk turen opp på Sognefjellet og vidare innover på ein anleggsveg som leda fram til Skålavatnet, som vi overnatta ved.

Kaldaste temperatur om natta var på 3.2 grader, so sommarposen min blei litt kald på tåtuppane :)

I dag tidlig var vi på beina i 8-tida, og heiv i oss ei skive med NUGATTI. Deretter gjekk turen vidare over Sognefjellet, ned Bøverdalen, og opp til Juvasshytta. Etter litt shenanigans der oppe suste vi ned til Lom og meska oss med lunsj på Bakeriet.

Deretter sette vi kursen mot Valdresflya, men før vi kom so langt blei det ein kort fiskestopp i nærleiken av Lemonsjøen. Ein fin aure kom på land, men so blei det stilt. Neste stoppestad blei Gjendesheim, kor vi også freista fiskelukka utan hell. Ein whiskeydrikkande motorsykkeluteliggar frå Nederland fekk fisken vi tidligare hadde fanga (som han blei merkeleg takknemlig for), og so suste vi vidare over Valdresflya for realz. På Beitostølen handla vi litt supplies og starta jakta etter ein fin plass å slå leir for natta.

Diverre fant vi ikkje noko brukbart (med unntak av den staden der vi blei kjeppjaga av ein bonde), so vi endte opp på ein triveleg campingplass på Vang. Her har vi meska oss med velfortjent entreçote og pils.

I morgon susar vi vidare langs E16 til Årdal korr vi skiljer lag for denne gong. Deretter blir det ein tur over Sognefjellet for tredje (!!) gong denne helga for min del :)

Og ingen turblogg utan bilder, her er eit lite knippe frå dei siste to dagane. Meir kjem seinare. Blant anna eit kult bilete av Steffen som vadar med motorsykkelen, og ei rype som heldt oss med selskap i natt. Følg med, følg med..

image

image

image

image

image

image

image

Leave a Reply