Reisefeber

Då var det endeleg ferie, og snart legg eg i veg mot det kalde nord. 2 veker har eg sett av denne gongen. Eit viktig mål for turen er å bestige fortoppen til Stetind endå ein gong, men med von om betre veir. Andre stader eg skal vitje er den nordlege delen av Lofoten, Senja, samt Dividalen og omegn. Eg skal ikkje so langt nord, med andre ord, og tida skal nyttast til friluftsliv og fotografering.

Første stopp blir Glomdalen, Mo i Rana. Her skal eg telte til veiret betrar seg nord for Saltfjellet. Eg satsar på godt fiskeveir og ein svipptur innom Marmorslottet for fotografering. Deretter blir det ein tur til Bodø før eg siktar mot Stetind. Kva som skjer etter det gjenstår å sjå. Antakeleg vil turen gå vidare til Skjomfjellet eller Lofoten, og Senja.

Sykkelen, eller Africa Tøyta som eg kallar ho, er også klar for tur. Ho har fått nye sko (dekk), nye ekstralys, olje- og filterskift, nytt kjede og drev, ny bremseskive og klossar bak. I tillegg er det mange små og store issues som er blitt fiksa på. Dei siste vekene har eg omlag mekka meg lei. Dyrt er det og.

Men resultatet er blitt bra. Ho ser framleis flott ut trass alderen på 21.5 år.DSC04005

 

DSC04006

 

 

 

DSC04009

 

 

Eg oppdaga forresten i dag at kameraet mitt, eit Sony RX100, tek ypperlige IR-foto. Sjølv i overskya ettermiddagsveir er bildebrikka så sensitiv at autofokus fungerar heilt fint. Med sol og eit interessant motiv så trur eg dette blir kjekt. Men inntil vidare — her er ein XRV 750 fotografert med IR-filter (;

DSC04022

 

Avreise blir veldig snart. Undervegs kjem eg til å oppdatere bloggen med crappy mobilbilete, som i fjor ;)

Odometeret syner no 79713 km. Away, silver!

Leave a Reply