Krig

I dag var tålmodigheten slutt. Dagen starta med sol og gode veirmeldingar fram mot ettermiddagen, so eg heiv i meg frokost og satte meg på sykkelen (i shorts!). Ved parkeringsplassen synte Stetind seg frå si beste side.

image

Eg prata sovidt med uteliggarklatrehippiefranskmenna på parkeringsplassen. Dei meinte det ville være fint veir i nokre timar, men dei utsatte sin klatretur til i morgon fordi “the røck is wøt nøw”. Fair enough. Eg la i veg med litt håp i sekken. Andre ting eg hadde med var kamera, stativ, klesbyte, og banan.

Råsa oppover er fenomenal. Det er omlag umogleg å gå feil. Det er akkurat som å spele Duke Nukem med autoaim. Hugs at det traskar hundrevis av klatrarar med tungt klatreutstyr opp denne råsa kvart år. Sjølv ein sau ville vært imponert.

image

Turen er ikkje so lang som det kan sjå ut til. Opp til fortoppen er det drygt 4km og 1300-og-noko høgdemeter. Ein startar jo på havnivå. Men det SER langt ut, både på kartet og i real life. Her ser eg tilbake omlag halvvegs på turen.

image

Medan eg baska meg opp eit av dei brattaste partia byrja det plutseleg å suse voldsomt mellom fjella. Først høyrdest det ut som ein kraftig vind, men det gjekk gradvis over i eit øredøvande drønn. Jagarfly! Som sirklar rundt Stetind! Er det krig? Ligg Taliban og ISIL i skjul i ei skår? Ord blir fattige om ein skal freiste å beskrive lyden som oppstår når to F16 som gir bånn gass, og drønnet blir reflektert mellom to steile fjell. Eg fekk faktisk fotografert dei, men bileta ligg på kameraet, so det får eg heller komme tilbake til. Rått var det iallfall.

Eg møtte litt folk på veg opp. Først nokre utlendingar, deretter et nordnorsk ektepar som eg tok igjen (dei skulle berre til vatnet, som også er ein populær tur), og til sist eit norsk ektepar som var på veg ned. Sistnemnde sa det var fantastiske forhold der oppe no. Eg ga gass.

Og vips,

image

Plutseleg er ein på toppen. Ein får ingen hint om at ein nærmar seg før ein plutseleg ser varden.

Eg fiska fram kameraet og byrja å fotografere. Det gjaldt å nytte fineveiret, som allereie var byrja å dabbe av. Men forbei stund var det vindstille, varmt, perfekt.

Eg hadde dog ein liten mishap. Med kameraet på stativ kom det eit kort vindgust som fekk velta heile stillaset. Kameraet gjekk rett i fjellet med eit smell. Oops! Skaderapport: eit knust polariseringsfilter, og et litt omtåka kamera.

image

Polariseringsfilteret fekk si grav der oppe på fortoppen, med den mektigste utsikta Noreg har å by på. Eg gøymde det godt, på ein hemmeleg stad. Kanskje eg finn det att neste gong (; For det blir definitivt ein neste gong. Dette er blitt ein tradisjon, frå og med i år.

På dette tidspunktet var det byrja å skye over og blåse opp, so eg pakka sakene, trykte i meg ei banan, og luffa nedover. Det er litt trist kor fort desse turane alltid er over.

Eg fekk litt småilt i kneet på veg nedover, så eg tok det rolig. Slik ser råsa ut på veg nedover. Det er litt bratt av og til, men aldri utrygt.

image

Omlag der møtte eg eit ungt par på veg oppover. Dei var kanskje 18-19 år. Guten var litt usikker på vegen, men han hadde no gått der før. Eg ønska dei godt veir, men eg visste vel at det neppe ville gå i oppfylling. Kort etter kom det eit dårleg teikn blåsande over fjella.

image

Stetind var ferdig for dagen. No hadde sommarvikaren Stedott overtatt. Eg vonar det gjekk fint med dei to kidza. Uveiret gjekk fort over, og mens eg sit og skriv dette har det byrja å lysne igjen. I morgon trurbeg det blir ein fin dag.

Kvelden og natta blir tilbrakt i Kjøpsvik, med ein IPA og ein Ibux til kneet. I morgon siktar eg på enten Lofoten eller Skjomenfjellet. Eg tek gjerne i mot tips til fine strender i nordre del av Lofoten som eg kan telte på.

Og forresten, her er nokre stats frå turen min. 2:20! Ny pers!

image

Ttfn!

Leave a Reply