Svolvær og Blåtinden

Endelig er det blitt skikkelig fineveir! Skyfri himmel og passande temperatur. Yr påstår at det skal forbli slik i nokre dagar, iallfall her i Lofoten. For jo, det ser ut til å bli ein ny tur gjennom Lofoten. Forrige gong var i 2012. Det vil seie at eg kjem til å ende opp i Moskenes og ta ferja over til Bodø. Men ikkje heilt endå.

I dag var eg på Blåtinden, ein topp på omlag 600moh som ruvar over sentrum av Svolvær, Lofotens hovedstad (som dei kallar seg).

Turen opp er litt bratt, men kort. Eg tok den lange ruta over den kvasse ryggen som går frå Tuva. Det er ekstra spennande sidan ein får brukt seg litt. Den vanlige ruta er meir direkte og vesentleg kortare i både tid og distanse.

Eg kom over denne fine og smale skåra på veg oppover. Det går an å klive opp/ned gjennom den hvis ein føler for det.

image

Frå toppen har ein fin utsikt over Svolvær og omegn.

image

image

image

image

Etter diverse fotografering tok eg den korte ruta nedatt sidan det var byrja å bli seint.

I morgon går turen vidare til Ballstad. Der skal eg muligens prøve meg på Skott-tind (etter tips frå ein lokal tinderanglar eg møtte oppe i lia).

Generelt så har veir, fysisk form og omstendighetar dei siste dagane samanfalt og gjort denne turen ganske so bra. Kanskje til og med litt betre enn eg hadde von om. Det hadde eg kanskje ikkje trudd for berre nokre få dagar sidan :)

Hvis det mot formodning ikkje blir fjelltur i morgon so blir det kanskje fisking og eit bål i fjæra istaden. Greit å veksle litt på det. Kanskje lage ei lita fiskesuppe også.

Natti!

Leave a Reply