Nonstind og Steinetinden

Etter eit opphold på vandrarheimen i Kabelvåg suste eg vidare til Ballstad. For å utnytte det fine veiret i Lofoten gjekk eg opp på to toppar til, Nonstind i Ballstad og Steinetinden i Stamsund.

Nonstind

Denne fjellturen starta rett ved Kræmmervika Rorbuer der eg hadde leigd meg inn for natta. Råsa er middels bratt i byrjinga, deretter kjem ein opp på Ballstadheia der det er flatt og fint med lett stigning eit godt stykke. Eg gjekk langs kanten på høgre side, og hadde fin utsikt mot Skottinden undervegs.

DSC_0729

Når ein har gått heia til endes er det eit lite parti til med stigning før ein er på toppen.  Nonstinden er heller ikkje spesielt høg, 459 moh. Men når ein byrjar frå havnivå so blir det ein fin trimtur likevel.  Her ser ein mot Skottind igjen.

DSC_0736

Og i motsatt retning, mot sjøen.

DSC_0737

Då eg etter ei kort tid blei lei av fotografering og glaning mot horisonten jogga eg ned igjen mot Kræmmervika. Etter ein kjapp dusj blei det kvalbiff, pils og ein irish coffee til middag. Seinare på kvelden kom eg i prat med eit trivelig tysk reisefølge som også var i Lofoten for å gå i fjellet. Ein av dei var sivilingeniør og arbeidde som prosessledar hos ein stålprodusent. Dei hadde mange norske kundar, spesielt innan oljesektoren. Vi fann mange interessante tema å diskutere innanfor business, fysikk og kjemi. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at emna sklei litt ut etterkvart som kvelden glei over i natt.

Og neste dag var det ein ny tind som stod på agendaen.

Steinetinden

Tipset om Steinstinden fekk eg frå Trond-Eirik, ein kollega som er oppvokst i nærområdet. Steinstind kneisar over den vesle tettstaden Stamsund, og byr på ein spektakulær tur hvis ein går heile “runden”.

Turen eg gjekk startar ved skiheisen i Stamsund. Eg fulgte skitrekket til topps, som ledar opp til Sørheia. Derfrå er det berre å følge ryggen utover mot Steinstind. Det går litt opp og ned, så turen kan fort ta lengre tid enn ein først hadde tenkt. Men kva gjer vel det når ein har kremutsikt over Lofoten både sørover og nordover medan ein kavar seg bortetter råsa.

DSC_0744

 

Ved den nest siste toppen før Steinetinden ser ein at det kjem til å bli bratt.

DSC_0745

 

Faktisk so bratt at det har blitt satt inn boltar i fjellet og trekt opp kjetting over dei verste kneikane.

DSC_0747

 

Ikkje sjå ned (; Faktum er vel at det neppe er naudsynt med desse tiltaka med mindre det er glatt og sleipt.

Rett før eg nådde toppen møtte eg ei hyggelig dame frå Sveits. Dei var på Noregsferie for å sende avgarde dottra si på folkehøgskule i Selbustrand. Eg spurte ho litt om forhold for fjellturar og motorsykkelkøyring i sør-Sveits i slutten av september, og ho meinte det burde være ei veldig god tid på året for slike aktivitetar. Men helst ikkje seinare enn slutten av september. Note taken. Vi får sjå kva Hondaen trur om ein gølsen tur til alpane i haust.

Frå toppen vanka det som vanleg topp utsikt.

DSC_0748

DSC_0749

 

Eg tok meg tid til å lufte skotøyet og sole meg litt oppe på toppen. Det var nesten vindstille og ikkje ei sjel i nærleiken. Det er faktisk mogleg at eg duppa av litt.

Turen nedatt gjekk over Mannefallet (jepp, en kar ramla visst utfor der ein gong) nedatt til Stamsund. Eg fulgte ei lysløype rundt Stor-Svarholtvatnet attende til Africa Tøyta som stod og venta ved skitrekket der eg hadde starta turen. Deretter køyrte vi sporenstreks til Joker-butikken i Stamsund og fylte opp med farris og ein banan før turen gjekk tilbake til Kræmmervika og ein lekker kveitemiddag.

Seinare på kvelden kom eg i prat med eit triveleg ektepar frå Taiwan. Eg fekk faktisk ein kort leksjon i gammel-kinesisk og ny-forenkla-kinesisk, inkludert nokre anekdoter om korleis symbolikken har utvikla seg. For eksempel skrivst forskjellige typar fisk med to symbol: ein “shape” (form), og ein “sound” (lyd). Dei viste meg også korleis “Andreas” blei skreve fonetisk på kinesisk, og kva dei individuelle symbola kunne bety i andre sammenhengar. For eksempel er symbolet for stabilitet ei kvinne i eit hus. Who knew? :)

Leave a Reply