Turplanlegging

my-very-first-blog-and-planning-the-big-adventure-1[1]August er ein fin månad. Stabilt veir, passelig temperatur, litt mindre mygg og litt mindre turistar. Fine forhold for motorsykkeltur, altså! Difor kjem eg til å ta to veker ferie i byrjinga av august for å reise på tur. Laaang tur. Og det betyr også at denne bloggen vaknar til live igjen.

Planen er i fysste omgong å tilbringe nokre dagar på Laksefjordvidda. I utgangspunktet tenker eg å køyre innover anleggsvegen ved Adamselv, men det finst fleire innfallsportar om det skulle bli behov for det. Uansett so skal eg rusle innover vidda på leit etter storfisk. Når eg har fått nok av det, so vender eg nok snuten noko sørover, for eksempel til Senja. Men kva som skjer etter det har eg ikkje tenkt so mykje på enno.

Pakklista so langt inkluderar blant anna telt, sovepose, liggeunderlag, fiskeutstyr, myggmelk, lommelykt, regnkle, fotoapparat og tripod, ein liten laptop, kniv og tursag, kokeutstyr, og litt ymse andre ting.

Så ja, planlegginga er iallfall i gong! Omlag to veker til avreise frå i dag! :)

Leave a Reply