Utstyrstest

Om ei vekes tid skal eg på langtur. Laksefjordvidda er det primære målet, om veir og føre er på mi side. Men uansett kvarhen eg endar opp so blir det fine naturopplevingar og masse kjekk offroading med den gamle Hondaen min. Og hvis eg er ekstra heldig får eg kanskje aure eller røye på kroken! Men når ein er på langtur so er det viktig at utstyr ein har med seg fungerar slik ein har tenkt. Det verste som kan skje er at noko essensielt enten blir ødelagt eller ikkje fungerar medan ein er midt inne i ingenmannsland.

Klok av skade er eg difor noko forsiktig med å pakke med meg utstyr som eg ikkje har testa i forkant. Spesielt utstyr relatert til matlaging og campingliv er eg skeptisk til. Hvis du er på tur og har med deg utstyr som framleis ligg i originalemballasjen sin, so spelar du eit høgt spel!

Difor er eg på ein liten prøvetur denne helga. Utstyrsprøvetur. Det er fire ting som er under utprøving denne gongen: søvepøse, laptop, ryggsekk, og motorsykkeljakke.

Søvepøse

Soveposen er ein fluffy sak frå ein norsk produsent som heiter Isbjørn. Modellen heiter Barents, og har ein veiledande komforttemperatur på -10 grader celsius.

TEST: Villmarksliv har testet 10 soveposer for kaldt vær.
TEST: Isbjørn Barents

Dei fleste oppegåande friluftsmennesker vil nok seie at dette er noko “over the top” til bruk i sommerhalvåret. Eg er tilbøyeleg til å være einig i det, spesielt hvis ein er opptatt av å spare vekt og volum. Dinna søvepøsen veg 2.5kg, og den tek god plass i sekken. Omlag 15 liter må til for å få plass til den i komprimert tilstand. På ein motorsykkel er dette heilt overkommelig, men om ein skal gå langt så er nok dette i overkant.

Men guri for ein komfortabel søvepøse! Eg ligg og kosar meg i den akkurat no medan eg skriv dette, og eg tvilar ikkje på at den er tilstrekkelig i temperaturar som er langt lavare enn dei beskjedne 4 gradene i lufta ved Aursjøen nett no. Kontrasten til den andre søvepøsen min, ein lettvekts sommerpose, er stor. Akkurat kor gøtt eg søv i denne veit eg ikkje før i morgon, men so langt set eg stor pris på dei romslige dimensjonane og den solide konstruksjonen. Prisen er heller ingenting å bli skremt av. 1295,- betalte eg, inkludert frakt.  Slå den! Og servicen hos dei ansatte hos Isbjørn er framifrå.

Laptop

Laptopen eg har med meg er ein sokalla Acer Aspire V3 112P. Bak dette kryptiske namnet kan eg avsløre at det skjuler seg ein lettvekts bærbar datamaskin med 11.6″ touchskjerm, Intel N2940 Quad Core på 1.83GHz, 8GB RAM og 256GB SSD frå Plextor. Batteritida er heilt rå, og dette er også ein av dei viktigste faktorane for min del. Opptil 10 timar har den klart å holde seg gåande i Power Saver-modus. Og om eg skulle trenge det, so har den nok kraftreservar til å kunne gjere middels avansert videoredigering utan å miste pusten. Men hovedbruksområdet vil nok være bildebehandling og skriving — som er det eg nyttar den til nett no.

maxresdefault

Laptopen veg omlag 1.2kg med SSD-disk, og tek lite plass i sekken. Og ved å bruke tethering på mobiltelefonen får eg delt internettlinja der dette er tilgjengelig. Sidan eg har 20GB tilgjengelig på mobiltelefonabonnementet mitt blir eg veldig “mobil” med dette oppsettet, og i dei områda der 4G er tilgjengelig er faktisk hastigheten veldig bra.

Eg kjøpte denne laptopen for 2400,- på tebød, men du får sikkert noko enda betre for ein tilsvarande pris no.

Ryggsekk

Ein ryggsekk er kjekt å ha når ein er på motorsykkeltur, og denne gongen testar eg ut ein litt ekstra stor sekk på 50 liter. Sekken er ein billig sak eg kjøpte på Sparkjøp — billig fordi at eg veit at den kjem til å bli nedsausa med regn, søle og støv gjentatte gonger, og fordi den treng ikkje være spesielt lett. So langt har den vore forbausande god i bruk. Eg trudde den ville bli litt stor og upraktisk, men langt derifrå. Har du fysst med deg sekk på MC-tur so har tydeligvis storleiken mindre betydning. Det solide midjebeltet og den stive konstruksjonen gjer det faktisk ganske behagelig å ha den på også.

8800184172574_L_614104_59780_jpg

Konstruksjonen forøvrig virkar bra, og den veg berre 1.8kg, so for 499,- er det eit heilt greit kjøp.

Motorsykkeljakke

Eg er ein storforbrukar av motorsykkeljakker, og nyttar difor høvet når eg må kjøpe ny til å teste ut nye og spennande modellar frå produsentar du aldri har høyrt om. Eg er ein regelrett MC-jakke-hipster. Denne gongen er det ei High-Viz-jakke frå My Bike Solutions som heiter MJ-21 som blir prøvd ut, og førsteinntrykket er faktisk ganske bra. Eg kjøpte den for £59 frå England, og til den prisen (+ MVA) er den heilt fjong til mitt lille bruk. Turen nedover Sunndalen i dag var prega av styrtregn, men jakka takla det bra og holdt meg tørr heile vegen ned til Statoil på Sunndalsøra. Korleis den taklar varmt veir gjenstår å sjå, men det er ikkje mangel på lufteåpningar iallfall.

15cafc49-59ee-4dc9-8aa2-01ff2113e75e

 

Den største fordelen med ei slik jakke er at ein blir veldig synleg i trafikken. Etter at eg byrja å nytte hiviz-utstyr virkar det for at fleire bilistar ser meg tidligare, og det blir færre artige situasjonar med vikepliktsbrudd o.l.

Men  det var vel eigentleg det. No skal eg krølle meg saman i Isbjørn-pøsen min og drøyme om Laksefjordvidda. So far, so good.

DSC_0171 (1)

God natt frå Aursjøen!

 

Leave a Reply