Oppgradering av brannvegg

Eg og ein kollega brukte storparten av dagen til å oppgradere brannveggen vår på jobb. Fram til no har vi køyrt Astaro V7, men denne framifrå programvaren hadde diverre nådd sin “end of life”-syklus og kom ikkje lenger til å bli oppdatert. Vi oppgraderte difor til UTM 9 via Astaro V8.

image
Hack hack

Serveren som brannveggen køyrer på hadde to diskar installert, men desse stod ikkje i RAID. Vi fann til slutt ut at serveren ikkje hadde RAID-kontroller fordi chipsettet var av budsjett-typen (Intel E7210 eller noko i den retning).

Etter at UTM 9 var ferdiginstallert oppdaga vi at rekkefølga på nettverkskorta hadde blitt stokka om. Dermed måtte vi køyre litt ping-orientert feilsøking for å finne kortet som gav oss adgang til admingrensesnittet.

image
Suksess!

Etter litt fikling for å mappe om dei tre øvrige nettverkskorta kom vi til slutt i mål, og med ein kjapp restore av konfigurasjonen var brannveggen i full verksemd att. Smooth! Resten av ettermiddagen gjekk med til å freiste oppsett av LDAP over SSL, men det gjekk ikkje fullt so bra :)

Leave a Reply