Senja

Her ute på Senja var eg litt i beit for kva eg skulle finne på. Eg googla litt og fann ut at den nasjonale turistvegen mellom Botnhamnbog Gryllefjord sikkert var ein fin aktivitet. Det mangla ikkje på vistas, og eg møtte masse kjekke folk på vegen, blant anna ein sportsfiskar som var oveelykkelig for å få makrell her ute — det var visstnok nesten ikkje mogleg før. Nokre bilete:

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Natta blir tilbrakt på campinghytte på Skatvik Camping, ei lita bortgøymt perle på sørsida av Senja. I morgon tippar eg det blir transportetappe til Alta. Det er jo berre 500ish kilometer. Eg har forøvrig køyrt omlag 1400km so langt, og merkeleg nok utan tekniske problem. Dekka ser ut til å tole turen bra so langt.

Leave a Reply