Pasvikdalen

Pasvikdalen var noko anna enn det eg hadde forestilt meg. Det er flatt der, veldig flatt. Faktisk so flatt at det er praktisk umogleg å sjå at det er eit dalføre frå bakkeplan. Innsjøane er grunne, små og mange. Insektlivet er i ein heilt eigen klasse — når ein kjem dit blir ein nedsverma av diverse typar mygg — deretter følger auestikkarane som byrjar å jakte på myggstimen rundt deg. Det er spektakulært, eg har aldri sett maken.

Dalen er prega av store avstandar. Det er 10 mil inn i enden, ein rundtur på grusveg på nokre mil inne i botnen, og 10 mil nedatt. Det blei fort 300km i løpet av ei entusiastisk vitjing med motorsykkel. Det er lite trafikk der — eg møtte berre ein handfull bilar.

Fisket tykte eg var skuffande! Alle vatna eg freista va infisert av ørekyte, og eg såg ikkje noko anna fisk enn det. Trasig! Eg er jammen glad denne pesten ikkje har fått overtaket i Sogn og Fjordane.

Området er også prega av nærleik til den russiske grensa. Den aller siste bebyggelsen du kjem til lengst inne i dalen er ein… politistasjon. Wtf.

Eg trur Pasvikdalen, Finnmarksvidda og liknande område som feks Femundsmarka har ein status som er noko ufortjent i desse dager. Tilgjengeligheten er langt betre enn eg hadde trudd — det er flatt, minimalt kupert, og gode stiar. Den einaste utfordringa er avstandane, men desse blir fort etne opp hvis ein er hjelpt av ein ATV eller tråsykkel.

Men det er ingen tvil om at det er fint i Pasvikdalen. Eg fekk tatt nokre heilt fantastiske foto. Den lave kveldssola gav dalen ei skjær av gull :)

image

image

image

Etter Pasvikdalen er det tid for å vende nasa heimover. Ruta er lagt til å gå via Tornio, Luleå, Piteå, Lycksele, Östersund, og Storlien. Til saman drygt 1500km.

Leave a Reply