Skitveir i Narvik

Det høljar ned i Narvik. Eg og Africa Tøyta fann tilfeldigvis tak over hovudet rett før himmelen opna seg.

image

In other news har eg støtt på turens fysste tekniske problem. Brytaren for ekstralysa nekta plutseleg å lystre. Det synte seg at brytaren hadde smelta innvendig på grunn av lasta (4x30w).

image

Tilfeldigvis fann eg ein Biltema-filial her i Naaarvik, og med litt MacGyvering fekk eg på plass ei slags midlertidig løysing med ein brytar dimensjonert for 20A (240W).

image

So no ventar eg berre på at den verste regnskura skal passere slik at eg kan kome meg utover til Sortland og Andøya.

Krig

I dag var tålmodigheten slutt. Dagen starta med sol og gode veirmeldingar fram mot ettermiddagen, so eg heiv i meg frokost og satte meg på sykkelen (i shorts!). Ved parkeringsplassen synte Stetind seg frå si beste side.

image

Eg prata sovidt med uteliggarklatrehippiefranskmenna på parkeringsplassen. Dei meinte det ville være fint veir i nokre timar, men dei utsatte sin klatretur til i morgon fordi “the røck is wøt nøw”. Fair enough. Eg la i veg med litt håp i sekken. Andre ting eg hadde med var kamera, stativ, klesbyte, og banan.

Råsa oppover er fenomenal. Det er omlag umogleg å gå feil. Det er akkurat som å spele Duke Nukem med autoaim. Hugs at det traskar hundrevis av klatrarar med tungt klatreutstyr opp denne råsa kvart år. Sjølv ein sau ville vært imponert.

image

Turen er ikkje so lang som det kan sjå ut til. Opp til fortoppen er det drygt 4km og 1300-og-noko høgdemeter. Ein startar jo på havnivå. Men det SER langt ut, både på kartet og i real life. Her ser eg tilbake omlag halvvegs på turen.

image

Medan eg baska meg opp eit av dei brattaste partia byrja det plutseleg å suse voldsomt mellom fjella. Først høyrdest det ut som ein kraftig vind, men det gjekk gradvis over i eit øredøvande drønn. Jagarfly! Som sirklar rundt Stetind! Er det krig? Ligg Taliban og ISIL i skjul i ei skår? Ord blir fattige om ein skal freiste å beskrive lyden som oppstår når to F16 som gir bånn gass, og drønnet blir reflektert mellom to steile fjell. Eg fekk faktisk fotografert dei, men bileta ligg på kameraet, so det får eg heller komme tilbake til. Rått var det iallfall.

Eg møtte litt folk på veg opp. Først nokre utlendingar, deretter et nordnorsk ektepar som eg tok igjen (dei skulle berre til vatnet, som også er ein populær tur), og til sist eit norsk ektepar som var på veg ned. Sistnemnde sa det var fantastiske forhold der oppe no. Eg ga gass.

Og vips,

image

Plutseleg er ein på toppen. Ein får ingen hint om at ein nærmar seg før ein plutseleg ser varden.

Eg fiska fram kameraet og byrja å fotografere. Det gjaldt å nytte fineveiret, som allereie var byrja å dabbe av. Men forbei stund var det vindstille, varmt, perfekt.

Eg hadde dog ein liten mishap. Med kameraet på stativ kom det eit kort vindgust som fekk velta heile stillaset. Kameraet gjekk rett i fjellet med eit smell. Oops! Skaderapport: eit knust polariseringsfilter, og et litt omtåka kamera.

image

Polariseringsfilteret fekk si grav der oppe på fortoppen, med den mektigste utsikta Noreg har å by på. Eg gøymde det godt, på ein hemmeleg stad. Kanskje eg finn det att neste gong (; For det blir definitivt ein neste gong. Dette er blitt ein tradisjon, frå og med i år.

På dette tidspunktet var det byrja å skye over og blåse opp, so eg pakka sakene, trykte i meg ei banan, og luffa nedover. Det er litt trist kor fort desse turane alltid er over.

Eg fekk litt småilt i kneet på veg nedover, så eg tok det rolig. Slik ser råsa ut på veg nedover. Det er litt bratt av og til, men aldri utrygt.

image

Omlag der møtte eg eit ungt par på veg oppover. Dei var kanskje 18-19 år. Guten var litt usikker på vegen, men han hadde no gått der før. Eg ønska dei godt veir, men eg visste vel at det neppe ville gå i oppfylling. Kort etter kom det eit dårleg teikn blåsande over fjella.

image

Stetind var ferdig for dagen. No hadde sommarvikaren Stedott overtatt. Eg vonar det gjekk fint med dei to kidza. Uveiret gjekk fort over, og mens eg sit og skriv dette har det byrja å lysne igjen. I morgon trurbeg det blir ein fin dag.

Kvelden og natta blir tilbrakt i Kjøpsvik, med ein IPA og ein Ibux til kneet. I morgon siktar eg på enten Lofoten eller Skjomenfjellet. Eg tek gjerne i mot tips til fine strender i nordre del av Lofoten som eg kan telte på.

Og forresten, her er nokre stats frå turen min. 2:20! Ny pers!

image

Ttfn!

Stedott og Sumarope

Veiret her oppe har byrja å bli ei skikkeleg plage. No har eg tøyd strikken langt i håp på å treffe godveir for ein tur oppover mot Stetind. Men det næraste eg kjem er Stedott.

image

Eg har satt deadline til torsdag kveld. Blir det ikkje turveir innan den tid stikk eg til Lofoten. Der er det visst byrja å bli skapeleg. Eg kan alltids suse innom Stedott på veg nedatt.

In other news so er det mykje fin lyr i Stefjorden.

image

Faktisk so fin at en av dei tok knekken på stangtuppen min!

image

Sånt som skjer. Eg snakka med eit hyggeleg fransk uteliggarhippieklatrepar (begge med skjegg (og litt mose)), dei skulle ha sjølvfiska makrell og betasuppe (!) til kvelds.

Resten av kvelden skal eg følge med på Sumarope si sending som blir kringkasta direkte her frå Kjøpsvik. Eg har leigd meg rom på “Kroa di” og har fin utsikt over torget.

image

No trur eg sendinga byrjar, so vi får snakkast.

Veirendringar

Den dagen her byrja slik:

image

Og slutta slik:

image

Kva slags veir det blir dei neste dagane er heilt lotto. Men neppe noko som er egna for lengre fjellturar.

In other news so har eg vore i Bodø og handla nytt liggeunderlag. Eit Exped Synmat 9 LW. Flaks for meg at den passa perfekt i sideveska saman med søvepøsen:

image

Eg blei dog nesten snytt for 350kr. Komplett Fritid opererer visst med forskjellige prisar i nettbutikk og butikk :)

I morgon går turen lenger nord. Nøyaktig kvarhen vil være litt veiravhengig. Akkurat no er det brillefint her i Fauske, med lav sol og rundt 20 grader. Men for berre nokre timar sidan var det eit sinnsjukt regnveir. Det skiftar både fort og mykje :)

Kveldshelsing frå Glomådal

Teltet er rigga og freden senkar seg i fjellheimen. Turen frå Trondheim til Mo i Rana var fin, men varm. Namsskogen var hivande kjedeleg som alltid. Eg såg dog ein Tesla S som blei lasta opp på ein redningsbil.

I Mo gjorde eg litt kjapp proviantering før eg suste oppover Glomådalen. Etter å ha lokalisert teltplass tok eg med fotoapparat og sneik meg inn til marmorslottet. Høg vassføring gav ikkje ideelle motiv, men eg trur eg fekk fanga nokre bra bilete likevel. Her er ein liten smakebit.

image

Eg rakk ikkje noko fisking i kveld, men det er mange fine vatn rett ved vegen her oppe. Eg får sjå i morgon tidlig. Slik ser leirplassen ut no i skyminga:

image

Då seier eg god natt. I morgon skal eg over Saltfjellet, ein tur innom Bodø og vidare til Stetind.