Det blei brått slutt med blogginga etter hendinga med hjullageret i Luleå. Det som skjedde vidare var at NAF sendte ein bil som plukka meg opp på ein Statoil-stasjon ved Pärsö. Nye hjullager fekk eg henta hos Tools Momentum, og so fekk eg leige litt verkstedsplass og verktyg hos Navis Maskin i Luleå. Tusen takk til dei for ei utruleg venleg mottaking og god hjelp, og spesielt takk til Jandreas som passa på at eg fant riktig verktøy og viste meg korleis ein nytta lagerpressa :)
Deretter gjekk turen vidare, men etter 2 intense timar med stress og mekking var eg svett og sliten, so eg kom ikkje lengre enn til Lycksele før eg kasta inn handkledet og leigde et rom på Ansia Camping for natta. I går starta eg på ny frisk og gjorde unna Lycksele-Trondheim på 0,niks. Einaste stopp var for å fylle bensin og meske meg med ein burgar på Krokom Wärdshus.
Eg har lagt ut mange bilete her som eg tok undervegs med telefonen, men eg tok også mykje bilete med kameraet mitt. Her er mine “top picks”! Klikk for full oppløysing :)

































Resten av ferien skal tilbringast i Nordfjord. Forhåpentlegvis reiser eg nedover søndag eller mandag. Det kjem nok litt bilete frå dette oppholdet etterkvart også :)