Etter den humpete turen over finnmarksvidda satte eg igår kursen mot Nordkapp. Omlag 240km frå Alta gjekk kjapt unna. Over Sennalandet fliste eg to politifolk på kver sin enorme ATV. Dei hadde sikkert hatt moltekontroll. Det var strålande sol heile vegen og god stemning. Men rett før Honningsvåg traff eg på tjukk sjøskodde, og eg var sikker på at Nordkappvitjinga var spolert. Å køyre i havskodde med motorsykkel er forresten skikkeleg trasig. Alt blir vått! Det er verre enn regn :(
Men flaks for meg hadde ikkje skodda nådd platået, og eg betalte mine 245,- hardt (not) oppsparte kroner for å parkere motorsykkelen. Det eg ikkje visste er at ein betalar faktisk ein kombinert billett; parkering, camping, og inngong på senteret som er opent til kl 0100 på natta. Det er jo faktisk ikkje soo gale. Og spesielt ikkje no når turistsesongen er på hell og det er lite turistar der.
Eg tok dei obligatoriske bileta og rusla litt rundt før eg trakk meg et godt stykke tilbake for å sette opp teltet. Kvelden blei avrunda med kjøtkaker i brun saus med grovbrød og pils attåt.