Tag Archives: Advrider

Tid for tur! Trondheim-Pasvik og heimatt

Turklar Honda
Planane eg har lagt for årets motorsykkeltur er ambisiøse. Eg skal heilt til Nordkapp, Kirkenes, og den russiske grensa. Ruta er 3518km — én veg! Sjå ruta på kartet her: http://goo.gl/maps/LUjmI. Når eg startar på turen no so har motorsykkelen gått 65009km.

Eg har sett følgande mål for turen, i kronologisk rekkefølge:

  • Villmarksvegen langs Røssvatnet
  • Rago v/ Øyrane Camping
  • Stetind (klatre opp Halls Fortopp hvis det er veir til det)
  • Skjomenfjellet
  • Senja
  • Den gamle postvegen mellom Alta og Kautokeino (Giargiavegen)
  • Nordkapp
  • Batnesatfossen (evt. so langt eg kjem meg innover)
  • Hamningberg
  • Kirkenes
  • Grense Jakobselv
  • Pasvik

Eg reknar med å oppleve både tekniske problem, nestenulykker, dårleg veir, ulv, bjørn og hubro. Men eg har forberedt meg so godt eg kan. Med tanke på bagasje og veistandard vil eg rekne med å slite ut kjede+drev samt både for- og bakdekk. Og meg sjølv :)

Eg skal forsøke å publisere jamnlege innlegg på denne bloggen. Hovedtyngda av bileta vil havne på Google Picasa/Google Plus. Sidan publiseringa blir gjort frå telefon/pad så blir det antakeligvis korte tekstar med bilete tatt med telefon undervegs. På stader med wifi kjem eg til å publisere større samlingar bilete frå fotoapparatet.

Som i fjor so kan ein sjå den omtrentlege posisjonen min ved å klikke på oppe på menyen.

Kom gjerne med innspel til sjåverdighetar eg burde besøke underveis. Avreise blir enten i ettermiddag eller i morgon tidlig.