Eit lite appendix til forrige post, men denne gongen med bilete frå minnebrikka på fotoapparatet heller enn frå mobiltelefonen, samt litt kontekstualiserande tekst til bileta.
Sognefjellet og Skålavatnet
Turen starta for min del i Trondheim, og med unntak av ein liten hold-up på Dovrefjell, var det rake vegen til Jotunheimen. Dette blei mi fysste passering av Sognefjellet på denne turen.
Sidan det ante meg at eg hadde litt god tid til møtet med Steffen på Turtagrø, drista eg meg til å gjere litt rekognosering først. Eg fann dette trivelige skiltet, og bestemte meg for å utforske.
Score! Denne vegen synte seg å lede rett fram til Skålavatnet, eit regulert vatn/magasin med gode forhold for fricamping (Steffen kallar det villcamping, men eg tykkjer det høyrest litt usivilisert ut).
Ein liten sideveg førte opp til ei servicesjakt av noko slag. Her var det temmelig høge brøytekantar, og fabelaktig dårleg veistandard som berre eit kraftselskap (og motorsyklistar) kan elske.
Det var tilsynelatande mykje rype i området. Eg såg også ein hauk som jakta på lemen, antakeleg med stort hell med tanke på mengden av desse småkrypa ein kunne sjå langsmed vegen.
Eg knipsa eit lite oversiktsbilete før eg snudde tilbake mot Turtagrø.
På Turtagrø var det litt meir triveleg temperatur, so vi tok 10 minutt i sola med kaffi og Pepsi før vi dura opp på fjellet igjen.
Vel framme ved Skålavatnet igjen oppdaga vi at den beste plassen for camping var innesperra av snø. Den mest praktiske vegen for syklane våre blei difor vannvegen. På impuls heiv vi oss ut i isvatnet, og det gjekk faktisk overraskande fint. Her er Steffen i fint driv over Pilestredet (“pile” fordi det pilte eit lemen over snøen, og “stredet” fordi sjekk ordboka).
Campen var av den enkle sorten — ein lett presenning på 2.8mx3.5m blei spent opp mellom eit varselskilt og ein veirstasjon (unnskyld Luster Energiverk).
Matmessig kom eg totalt uforberedt, men heldigvis hadde Steffen sørga for proviant. Eingongsgrillen blei fyrt opp og vi gomla i oss pølse og potetsalat til middag. Til dessert blei det ei skjeve med Nugatti og kaffi. Utover ettermiddagen fekk vi selskap av lemen, løvsnapper, og ei humle.
Og litt seinare på kvelden dukka det opp eit (kanskje i overkant) snakkesalig rypekjærestepar.
Vi freista også fiskelukka, men det var ikkje lett å få fisken til å bite i dette vatnet. Men fisk er der, for vi såg nokre få vak medan vi var der.
Og det er omlag det siste eg hugsar før eg sovna i den kjempevarme sommersoveposen min. Det blei faktisk ikkje kaldare enn 3.2 grader den natta, men det rakk å fryse litt tynn is på vatnet grunna dei store isflaka som duppa rundt i overflata.
Natta gjekk fort, og morgonen etter blei det fort lyst då sola kom opp. Etter ein kopp kaffi og nokre skjever pakka vi sammen campen
Juvvasshytta
Turen gjekk vidare over Sognefjellet mot Bøverdalen og Lom, men først suste vi ein tur opp til Juvvasshytta på 1845 moh.
I mangel på meir fornuftige ting å gjere på her oppe blei det mest leiking i dammar.
Utsikta nedover mot Bøverdalen var upåklageleg, spesielt for oss som er langsynte.
Då vi var ferdige med øsebyene oppe ved Juvvatnet (og etter at eg satte meg fast i bommen (dvs. ved sidan av bommen (det er gratis for motorsyklar))) fortsatte vi nedover Bøverdalen. Først blei det ein liten fotoshoot ved Bøvra. Steffen gjorde seg lekker for kameraet og vakte stor interesse blant lokalbefolkninga i dalføret.
Herfrå gjekk turen innom Bakeriet på Lom, og deretter dundra vi nedover mot Vågå og tok av mot Valdresflye. Før vi kom so langt tok vi nokre fiskestoppar. Først i nærleiken av Lemonsjøen.
Deretter ved Gjendesheim.
Vi fekk dog ingenting. Legg merke til motorsykkeluteliggaren til venstre i biletet (og forsåvidt til høgre i biletet).
På Beitostølen brukte vi LANG tid på å finne ein høveleg plass å campe, men etter å ha kome på kant med lokalbefolkninga bestemte vi oss for å kapitulere og sette kursen mot Filefjell. Vi endte opp på ein prima campingplass på Vang som heiter Bøflaten Camping. Betjeninga var veldig hjelpsom og hyggeleg, og kunne til og med skilte med sidestøtteplater i stål til motorsyklane våre.
Til middag blei det entrecote med maiskolber, tomat, løk og ein pils. I mangel på biffkniv i eingongsbestikket vi hadde tilgjengelig gjekk Steffen drastisk til verks, både når det gjaldt pådekking og smekke.
La du merke til kniven? Ikkje? La meg zoome inn for deg.
Serrriøst Steffen, det der er litt overkill!
Årdal, Tindevegen og heimatt
Frå Vang køyrte vi over Filefjell til Årdalen. Nedkøyringa mot Øvre Årdal er spektakulær, det er uhyggeleg bratt på den andre sida av autovernet. Utsikta er dog heilt fabelaktig.
I sentrum køyrte vi kvar vår veg, Steffen fortsette sørvestover mot Bergen, medan eg rauk opp på fjellet igjen. Først over Tindevegen mot Turtagrø, deretter over Sognefjellet (for tredje gong) mot Trondheim. Her ser ein Turtagrø i det fjerne.
Og her kan ein skimte Store Skagastølstind m.m.
Flåklypa Grand Prix
På veg ned mot Lom køyrte eg midt oppi Flåklypa Grand Prix, landets største veteranbilløp. Eg fekk ikkje knipsa so mange bilete, men eg kan forsikre dykk om at det var umåteleg mange veteranbilar, -syklar, -traktorar og -lastebilar der.
Det var alt eg hadde for denne gong. Takk for turen! I morgon blir det biltur til Nordfjord, men med fokus på heimekontor og forhåpentlegvis reparasjon av startclutchen på Yamaha XTZ 660’en til paps.